top of page

Vestlandsk fjordfe

LAGET FOR

Vestlandsk fjordfe

Fjordfeet er den opphavlege rasen på Vestlandet frå Hordaland til Nordmøre. Vestlandsk Fjordfe vart anerkjent som eigen rase i 1890-åra, og det vart ført eiga stambok for rasen frå slutten av 1920-åra, med oksar fødde frå kring 1890 og frametter.

ABOUT

Kjenneteikn

Det som kjenneteiknar rasen, er stor variasjon i farge, storleik og hornanlegg. Stort sett alle fargevariantar storfe kan ha, er å finne. Dei er raude, blakke, svarte, brune, kvite og grå i alle nyansar, og dei kan vera einlet, tricolor, branda, skyra, sida, dropla og bota.

 

Levandevekta på kyr er frå 250 til 550 kg, men dei fleste kyrne er mellom 400 og 500 kg. Omlag ein tredjedel av dyra har horn.

Meir om fjordfeet

I byrjinga av 1900-talet var kyrne i gjennomsnitt noko mindre, noko som har samanheng med fôringa. På den tid fekk kyrne lite kraftfôr, dersom dei i det heile teke fekk noko, og ofte fekk ikkje kalvane drikka så mykje mjølk som dei får i våre dagar. Dette gjorde sjølvsagt at kyrne vart mindre av vekst, og at dei mjølka mindre då enn no.

 

Eit døme på storleik og avdrott finn ein i stamboka for Sogn og Fjordane. For stamhjorden av Vestlandsk Fjordfe i Holmedal i Sunnfjord finn ein desse tala i 1880:

Lågaste mjølkemengd: 884 kg. Høgaste mjølkemengd: 1287 kg. Medel mjølkemengd: 1084 kg. Lågaste levandevekt: 200 kg. Høgaste levandevekt: 344 kg.

​

På byrjinga av 1900-talet, særleg i perioden frå 1905 til 1920, ville ein laga mange lokale underrasar innanfor fjordfeet, og ein ville at desse skulle ha ein  utsjånad som var særeigen for det lokale området.​ Dei lokale avlslaga la vekt på desse ytre kjenneteikna når dei tok inn oksar, men etter ei tid såg ein at det vart for små populasjonar til å kunna driva med dette over tid, så ein gjekk over til å føra felles stambok for heile rasen.

​

Vestlandsk raudkolle spreidde seg nordover på Vestlandet frå 1930-talet og frametter, og dels fortrengte og dels blanda seg med Vestlandsk Fjordfe. I 1947 vart difor desse to rasane slegne saman til ein rase som vart kalla Sør-og vestlandsfe. Frå 1950-talet og frametter gjekk stadig fleire over til NRF, og mange Sør-og vestlandskyr vart kryssa med NRF. På 60-, 70- og 80-talet vart det difor stadig færre kyr att av både raudkolle og fjordfe.

​

På 1980-talet kom tanken opp at ein burde ta vare på det som var att av dei gamle rasane, både fordi dei var ein viktig del av kulturarven, og fordi dei er ein genetisk ressurs som kan komma til nytte i framtida.

© Kopirett 2017 - Laget for Vestlandsk fjordfe

bottom of page